top of page

OM

Kviven duo, Nordlysets døtre_foto Marius Beck Dahle_web_farger_v2-3009.jpg

SLÅTTAR OVER KVIVEN

 

Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre.

 

I mange hundre år har folk gått denne velkjende ferdselsåra mellom Nordfjord og Sunnmøre enten det var til arbeid eller fest.

 

Mange spelemenn har utveksla musikk over Kviven og nettopp dette er grunnlaget for denne duoen. To feler, der nye og gamle slåttar i Nordfjord- og Sunnmørstradisjon nok ein gong sameinast.

Gnistrande Vestlandsslåttar i stereo felespel

 

«Kvakksalvar-Guri» er debutalbumet til Kviven duo. Bak namnet finn me dei to meisterspeledamene Jorun Marie Kvernberg og Britt Pernille Frøholm. Den vestlandske blygselen svinn som dugg for sol når den framoverlente duoen triv felene sine. Dei framfører gamle danseslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre med ein djervskap og energi som gjer musikken høgaktuell.

 

Slåttane på dette albumet har i seg ein nerve og ei framdrift utover det vanlege. Utan å gå på kompromiss med tradisjonen kastar Frøholm og Kvernberg nytt lys over musikk som har levd i området i fleire hundreår. Det musikalske utgangspunktet er tradisjonelle feleslåttar frå Nordfjord og Sunnmøre generelt, Hornindal og Volda spesielt - bygder som dei to utøvarane har sterk tilknyting til.

Kvernberg og Frøholm har kvar for seg lang fartstid som utøvande musikarar på heiltid, t.d. gjennom nyskapande band som Majorstuen, Maar, Boreas, Perleskum m.m.

 

– Eg likar godt å innimellom ha skikkeleg stramme rammer. I Kviven duo kjem slåttane og tradisjonen med eit sett kodar og framføringspraksisar som me freistar å halde fast ved, samstundes som me vil levandegjere og aktualisere den gamle musikken. Livshistoriene til kjeldene våre følger med oss på vegen fram, og hjelper oss med å sette retning for framføring og arrangement. Til dømes kviknar 246-åringen Kvakksalvar-Guri til når me hiv oss inn i leiken hennar!, skildrar Kvernberg.

 

Duoen brenn for den tradisjonelle folkemusikken, og har ein visjon om å gi den gode levekår i samtida. Slåttemusikken har dialekter på same måte som talespråket i vårt langstrakte land. I Nordfjord og på Sunnmøre finn me kvikke slåttar med ei skarp takt og ein munter kveik. Kviven duo tek dette til nye nivå på albumet «Kvakksalvar-Guri»

 

– Interessa for tradisjonsmusikken ligg i botnen for alt me to gjer som enkeltutøvarar i alle slags konsept; Jorun Marie Kvernberg m.a. i nyskapande folkemusikkband som Majorstuen og eg sjølv både som tradisjonsutøvar og som samtidsmusikar i t.d. Friensemblet, fortel Frøholm.

I Kviven duo får me boltre oss i den tradisjonelle musikken samtidig som me tek den eitt steg vidare inn i det harmoniske med tostemt spel.

 

Frå gamalt av har det vore sterke band mellom bygdene Volda og Hornindal, med spelemenn som vandra att og fram over fjellet Kviven for å dele slåttar og finne tonen saman. I 2012 klirra ministrar og ordførar med kjeder og klipte snorer når milliardprosjektet Kvivsvegen endeleg stod ferdig. Dette nyt mellom anna Kviven duo godt av i dag, når dei no kan suse gjennom tunnellsambandet mellom Hornindal og Volda og utveksle slåttar og finne tonen som aldri før. Kviven duo si utgjeving skjer dessutan i same år som Volda og Hornindal søkjer full forbrødring gjennom kommunesamanslåing.

 

Dei ettertrakta musikarane i Kviven duo har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar i sekken, fleire Spellemannprisar på hylla og ei imponerande merittliste. «Kvakksalvar-Guri» er ein medrivande tur gjennom slåttemusikken på Nordvestlandet. Ein folkemusikk-skatt får kome i rampelyset med både djerve dobbeltgrep så vel som såre tarmstreng-tonar.

«Kvakksalvar-Guri» er duoen sitt første album, og også det nyoppstarta plateselskapet «Kviven Records» si første utgjeving.

 

FIERY WESTERN TUNES WITH DUELLING FIDDLES

Behind this project is master fiddlers Jorun Marie Kvernberg and Britt Pernille Frøholm.

Determined to shine a light on old tunes from a bygone age. There is no sign of countryside modesty when these ladies pick up their instruments!

They play the tunes from Nordfjord and Sunnmøre with intensity and wildness only rivalled by the dramatic landscapes they represent.

Unusual energy and nerve

 

The tunes from this area contains an unusual energy and nerve. There is no room for compromise when interpreting music that has lived in the fjords for hundreds of years.

 

The fiddlers hail from Hornindal and Volda, both villages that lay in the centre of the folk music tradition of respectively Nordfjord and Sunnmøre.

 

The biographies of our sources help us to interpret the tunes. Syvdsnesen competed with the world famous Ole Bull himself, but in the end found religion and burned his fiddle on his deathbed. Lars Eriksen Brendefur impressed prince Christian August with his playing during the Napoleonic Wars. And Myre-Mons was knocked unconscious by a cut off thumb that came flying through the air when he was playing at a wedding. We also found rich inspiration in the life story of the fearless Kvakksalvar-Guri, that would have been 249 years old today. She was an early role model of female empowerment, says Jorun Marie Kvernberg.

 

Passion for folk music is the basis of everything we do as solo artists and together with others. I like to bring the tradition into other genres like modern music and jazz. The tradition has a lot to offer. When me and Jorun Marie work together we get to immerse ourselves in our tradition and at the same time develop it further through the harmonies we create when playing together, tells Britt Pernille Frøholm.

 

For Kviven duo this represented an opportunity to increase the cultural exchange between the regions and blend lift up this ancient bond in traditional music.

 

No wonder the album 'Kvakksalvar-Guri' has become a rollercoaster ride through the folk music of Nordfjord and Sunnmøre.

 

bottom of page